Gå direkte til innhold
Startsiden Aktuelt Redegjørelser UNE opphevar suspensjonen av utreiseplikt til Libya

UNE opphevar suspensjonen av utreiseplikt til Libya

UNE meiner at den generelle tryggleiksmessige situasjonen i Libya no er tilstrekkeleg avklart. På bakgrunn av dette har UNE i dag vedteke å oppheve den mellombels suspensjonen av utreiseplikta.

Utgreiing publisert 07.12.2011

I utgreiing på våre internettsider av 22.02.2011, oppdatert 18.04.2011, orienterte UNE om si avgjerd om mellombels å suspendere utreiseplikta for personar med endeleg vedtak om retur til Libya. Samstundes stansa handsaminga av asylsaker som gjaldt borgarar av Libya. Bakgrunnen for dette var den alvorlege og uoversiktlege tryggleiksmessige situasjonen i landet.

Avgjera om å oppheve suspensjonen av utreiseplikt til Libya inneber at alle personar som tidlegare har fått, eller som frå no av får endeleg vedtak om retur til Libya, pliktar å reise ut av Noreg. Politiet kan ta opp att iverksetjing av ufrivillige returar til Libya.

UNE følgjer nøye med på situasjonen i landet og gjer konkrete og individuelle vurderingar av spørsmålet om retur i dei einskilde sakene.