Gå direkte til innhold
Startsiden Aktuelt Redegjørelser UNE opphever suspensjonen av utreiseplikt til Jemen

UNE opphever suspensjonen av utreiseplikt til Jemen

UNE meiner at den generelle tryggleiksmessige situasjonen i Jemen no er tilstrekkeleg avklart. På bakgrunn av dette har UNE i dag vedteke å oppheve den mellombels suspensjonen av utreiseplikt til Jemen.

Utgreiing publisert 21.03.2012

UNE følgjer nøye med på situasjonen i landet og gjer konkrete og individuelle vurderingar av spørsmålet om retur i dei einskilde sakene.

I utgreiing på våre internettsider av 01.04.2011, med tillegg 16.05.2011, orienterte UNE om si avgjerd om å mellombels suspendere utreiseplikta for personar med endeleg vedtak om retur til Jemen. Samstundes stansa handsaminga av asylsaker som gjaldt borgarar av Jemen. Bakgrunnen for dette var den alvorlege og uoversiktlege tryggleiksmessige situasjonen i landet.

Avgjera om å oppheve suspensjonen av utreiseplikt til Jemen inneber at alle personar som tidlegare har fått, eller som frå no av får endeleg vedtak om retur til Jemen, pliktar å reise ut av Noreg. Politiet kan ta opp att iverksetjing av ufrivillige returar til Jemen.