Alle tilsette i offentleg verksemd har ei plikt til å gi opplysningar (uromelding) til barnevernet når dei i arbeidet med ei sak har grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling eller anna alvorleg omsorgssvikt. IR-05 skildrar nærare når UNE har plikt til å gi opplysningar om omsorgssituasjonen til barn til den kommunale barneverntenesta. Retningslinja skildrar også forholdet mellom opplysningsplikt og teieplikt, og rutinane for korleis ein skal gi opplysningane til barnevernet.