Nettsidene til Utlendingsnemnda er underlagde vanleg norsk lovgiving, inkludert personopplysningslova, personopplysningsforskrifta, forvaltningslova, e-forvaltningsforskrifta og arkivlova.

Informasjonskapslar

Nettsidene til UNE brukar informasjonskapslar (cookies). Dette er ei lita fil med teikn som identifiserer nettlesaren din. Gjennom at dei lagrar brukarinnstillingar og sporar brukartrendar, blir informasjonskapslar brukte til å betre kvaliteten på tenesta. Du kan stille inn nettlesaren slik at han avviser alle informasjonskapslar, eller slik at han varslar deg når ein informasjonskapsel blir send.

Vi samlar ikkje inn personleg informasjon.

Trafikklogging

UNE hentar inn besøksstatistikk for nettsidene våre. Opplysningane blir brukte i samband med drift og vidareutvikling av nettsidene til UNE.

Sosiale medium

Une.no har funksjonalitet for deling på sosiale medium. Informasjon om sider du deler til andre nettsamfunn, blir ikkje logga hos UNE.

Ikkje send sensitive opplysningar på e-post

Dersom du kontaktar UNE på ei e-postadresse du finn på denne nettstaden, må du ikkje sende sensitive eller fortrulege opplysningar i vanleg e-post.

Eksterne lenkjer

Lenkjer på nettsidene til UNE kan sende deg vidare til nettstader som er utanfor det UNE har kontroll over. Vi gjer merksam på at desse nettstadene kan operere med andre reglar for personvern og tryggleik.

Vidaredistribuering

UNE vidaredistribuerer ikkje personopplysningar til andre aktørar utan samtykke frå brukaren, utover det som måtte følgje av normal indeksering av søkjemotorar og andre normale automatiske nett-tenester.

Analyseverktøy for nettstatistikk

UNE brukar analyseverktøyet Google Analytics for å samle og vurdere informasjon om korleis dei som besøkjer nettstaden, brukar han. Google Analytics brukar informasjonskapslar.

Som behandlingsansvarleg for une.no er det UNE som avgjer kva opplysningar Google kan hente inn om bruken av nettstaden. Google Analytics hentar berre inn generell nettstatistikk, som til dømes nettlesartype, tidspunkt, språk og kva nettside brukaren kom frå.

I tråd med vanleg praksis på internett registrerer vi IP-adressa til brukaren. UNE har likevel valt å leggje inn eit skript som fjernar dei siste siffera frå IP-adressa di før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan få opp ei omtrentleg geografisk plassering for brukarane, men IP-adressa blir anonymisert og kan ikkje nyttast for å identifisere kvar enkelt av dei.

Opplysningane som blir samla inn, blir handterte etter retningslinjene for personvern hos Google.