UNE behandlar klager på vedtaka til UDI i asylsaker, andre utlendingssaker og saker om statsborgarskap.

UNE skal gi god sørvis til brukarane sine i tråd med kjerneverdiane våre; pålitelegheit, openheit og respekt. I tillegg skal UNE bidra til ei heilskapleg, effektiv og brukarorientert utlendingsforvalting, som brukarane våre har tillit til. Denne sørviserklæringa gjelder dei som har ei klage til behandling i UNE og deira fullmektigar.

UNE skal:

  • Så raskt som mogeleg behandle saka di korrekt og i samsvar med utlendingslova og internasjonale forpliktingar
  • Sjå at saka er tilstrekkeleg opplyst til at vedtak kan fattast
  • Om nødvendig gi deg informasjon om kva opplysingar UNE manglar for å behandle saka di
  • Gi deg innsyn i saka di dersom du ønsker det
  • Overhalde teieplikta og behandle opplysingane i saka i tråd med personopplysingslova
  • Fremje rettstryggleik
  • Vareta forvaltningsrettslege krav til kvalitet og likebehandling i saksbehandlinga

UNE vil også:

  • Møte alle med vennlegheit, openheit og respekt
  • Bruke eit klart og tydeleg språk, både i vedtak og i dialogen med deg og/eller din fullmektige
  • Tilby trygge og brukarvennlege digitale tenester og sjølvbeteningsløysingar. Det skal vere trygt og enkelt for deg å samhandle digitalt med oss
  • Synleggjere regelverk og praksis gjennom nettsidene våre
  • Sende automatisk melding på e-post om at klaga er motteken og om forventa ventetid på svar på søknaden
  • Svare på førespurnader vi mottek over telefon

UNE forventar at du:

  • Har DUF-nummer i saka tilgjengeleg når du vender deg til oss
  • Dokumenterer identiteten din og gir oss tilstrekkelege og riktige opplysingar i saka
  • Sørger for at UNE får all nødvendig dokumentasjon
  • Informerer UNE skriftleg dersom situasjonen din endrar seg på ein måte som kan ha betydning for klagesaka
  • Melder flytting til Folkeregisteret, eller til politiet dersom du er asylsøkar i Noreg
  • Oppgjev kontaktopplysingane dine, slik at e-post og brev kan kome fram til deg
  • Informerer UNE skriftleg dersom du vil gi ein annan person fullmakt, slik at han eller ho kan følge opp saka din og få kopi av vedtaket