I praksisbasen finn du samandrag av eit representativt utval av avgjerdene til UNE.

Føremålet med UNE sin praksisbase

Praksisbasen skal gje eit tydeleg bilete av praksisen til UNE i einskilde saker. Hovudmålgruppa for basen er advokatar og rettshjelparar. Utvalet av saker i basen skal gje ei forståing av kva som er UNE-praksis i ulike sakstypar og ulike problemstillingar. 

Basen syner automatisk samandrag frå dei siste fem åra, men det er mogleg å huke av for søk i samandrag som er eldre enn fem år. 

Kva for saker finst i basen?

Basen kom i ny versjon i 2020. Samandrag frå den gamle basen frå 5 år tilbake i tid vart med i den nye. Utvalet, og korleis vi skreiv samandraga, var annleis i den gamle versjonen av basen. Dei eldre samandraga gir ikkje i like stor grad eit representativt bilete av praksis, da vi hadde andre rutinar for innlegging i basen tidlegare. Eit døme på det var at alle nemndmøtevedtak skulle inn i basen. Vi må ta tida til hjelp før basen er fylt med nytt og meir representativt utval. Du kan lese meir om endringane i praksisbasen i denne aktueltsaka.  

Samandraga som blir lagde inn i basen frå 2020, skal vere eit representativt utval av praksisen til UNE i ulike sakstypar. Alle sakstypar over ein viss storleik skal vere representerte i basen. Alle stornemndavgjerder ligg i basen. Berre stornemndavgjerdene skapar presedens. 

Samandraga er anonymiserte

Fordi vi i UNE har teieplikt om avgjerdene våre, er alle samandraga anonymiserte. Det skal ikkje vere mogleg å skjøne kven si sak eit samandrag handlar om. Dersom ein kjenner til ei sak frå før, vil det like fullt vere mogleg å kjenne henne igjen i praksisbasen. Dette vil vere vanskeleg å unngå i alle samandraga, dersom dei i det heile skal gje noka meining. Vi tar  fleire åtgjerder for å hindre identifisering:

  • Vi publiserer anonymiserte samandrag i staden for å leggje ut heile vedtak.
  • Vi skriv ikkje datoen for vedtaket, berre månad og år.
  • Vi fjernar namn, fødselsdato og saksnummer.
  • Vi gjer vårt beste for å ikkje bruke andre opplysningar som kan identifisere kven saka gjeld, utan at samandraget mistar meining.