Illustrasjon_rettsaker_sisteversjon

Meir enn halvparten av rettskraftige dommar frå tingretten og lagmannsretten i fjor var asylsaker.

Til saman blei 91 UNE-saker avgjorde i domstolane i 2019. Det er ein liten nedgang samanlikna med 2018, då det var 110 dommar der UNE var part.

Nedgangen skuldast særleg færre saker i tingretten, som avsa 56 dommar i 2019 mot 67 dommar i 2018.
I 2019 gav lagmannsretten UNE medhald i 26 av 33 rettskraftige dommar. I tingretten blei UNE sitt vedtak kjent gyldig i 42 av 56 rettskraftige dommar.

Flest asylsaker frå Iran

I 2019 avsa lagmannsretten og tingretten til saman 47 dommar i asylsaker. 14, eller om lag ein av tre dommar, gjaldt borgarar frå Iran.

I 2019 avsa lagmannsretten 20 dommar i asylsaker. UNE sitt vedtak blei kjent gyldig i 15 av dommane. Tingretten avsa 27 dommar i asylsaker i 2019, og UNE sitt vedtak blei kjent gyldig i 17 av dommane.

To saker i Høgsterett

Høgsterett avsa to dommar i desember 2019, der UNE fekk medhald. Den første dommen gjaldt ei utvisingssak og kor tungt barnet sitt beste skal veie i utvising av ein omsorgsperson.

Den andre høgsterettsdommen var ei asylsak som dreia seg om bevisterskelen i aldersvurderingar.

Berre hovudforhandling

Berre rettskraftige dommar og rettssaker der det er gjennomført hovudforhandling i domstolane er omtalt i artikkelen. Rettssaker om utsatt iverksetting er ikkje med. Det er saker som er avgrensa til å handle om ein saksøkjar utan lovleg opphald kan vere lovleg i Noreg inntil saka kjem opp for retten.

Tala er baserte på manuelle registreringar i UNE sin rettssaksdatabase. Vi tar atterhald om at nokre saker ikkje er registrert eller er registrert på feil måte.

Fakta om UNE og rettssaker

  • Dersom eit UNE-vedtak blir kjent ugyldig av retten, så vil saka gå tilbake til UNE for ny behandling. I mange tilfelle vil ein ny vurdering føre til at saka blir innvilga. Andre gonga inneber ei ny vurdering eit nytt vedtak med same resultat, altså eit nytt avslag. Det nye vedtaket skal likevel alltid vere i tråd med premissane i dommen.
  • Nokre gonger kan ein dom få innverknad på fleire saker enn den eine konkrete saka. Kor prinsipiell ein dom er, avheng blant anna av om dommen i seg sjølv er konkret eller generelt grunngitt og i kva grad ei sak representerer ein portefølje av liknande saker.
  • Dommar er ein av fleire rettskjelder i saksbehandlinga. Som rettskjelde, har høgsterettsdommar tyngre vekt enn lagmannsrettsdommar, som igjen har tyngre vekt enn tingrettsdommar. Dei viktigaste rettskjeldene er likevel lover og forskrifter.
  • Å saksøkje UNE gir ingen automatisk rett til å opphalde seg i Noreg inntil saka kjem opp for retten. Enten UNE eller domstolen må fastsetje at ein person utan lovleg opphald likevel får opphalde seg i Noreg til saka er avgjort.

Les meir