– Vi har hatt ei tydeleg mangfaldserklæring i alle stillingsannonsar, og framheva fordelane med kompetanse på framandspråk og fleirkulturell forståing der det var relevant.
Det seier leiaren for HR-eininga i UNE, Hege Marie Hauge, idet ho summerer opp UNE sitt arbeid med mangfald, inkludering og likestilling i 2022.
Hauge fortel at UNE også har prøvd å unngå unødvendige krav eller formuleringar i stillingsannonsar som kan opplevast som hindringar. Ho meiner at den beste måten UNE kan sikre seg dei dyktigaste medarbeidarane på, er å gå breitt ut og søkje blant all tilgjengeleg kompetanse i samfunnet – også blant dei med ein annan bakgrunn enn fleirtalet.
UNE hadde ein høgare prosent jobbsøkjarar med innvandrarbakgrunn i 2022 enn det som har vore tilfelle tidlegare. Det same gjeld søkjarar med «hol i CV-ein», det vil seie søkjarar som ikkje har vore i jobb, utdanning eller opplæring i til saman to år dei siste fem åra.
– Samtidig ønskjer vi oss eit større mangfald blant dei i leiande stillingar. Vi har også færre søkjarar med funksjonshemmingar enn det vi skulle ønskje, seier Hauge.
Tal frå 2022
- 6 prosent av dei nytilsette hadde hol i CV-en.
- 13 prosent av dei nytilsette hadde innvandrarbakgrunn.
- Kjønnsfordelinga blant dei nytilsette var 21 kvinner og 15 menn.
- 12 søkjarar hadde funksjonsnedsetjingar, men ingen blei tilsett.
Tiltak for auka mangfald
Mangfald, inkludering og likestilling er konkrete mål i UNEs verksemndstrategi. I 2020 sette UNE ned ei arbeidsgruppe som skal følgje opp arbeidet og sikre at mangfaldsperspektivet blir vareteke på alle nivå og område i organisasjonen. I tillegg til rekrutteringsarbeidet gjorde UNE blant anna desse tiltaka i 2022:
- Leiarar og tillitsvalde deltok på webinarer og arrangement der mangfald, inkludering og likestilling var tema
- Mangfald har stått på dagsorden i UNE sitt leiarforum. Leiarane følgjer opp arbeidet ute i avdelingane og einingane
- Eksterne foredragshaldarar har halde foredrag og delt erfaringar i UNE