UNE fekk 53 rettskraftige dommar i fjor.
Oppsummeringa for UNE sine rettssaker i 2022 gir 55 prosent medhald totalt. Det vil seie at vedtaka, i 55 prosent av tilfella, blei kjend gyldig. Det svarar til 29 av 53 rettskraftige dommar.
– Medhaldsprosenten er ikkje helt der vi ønskjer. Samtidig var det færre rettssaker i fjor enn tidlegare år, så da gjer den einskilde dom større prosentvis utslag. Vi har difor ikkje tapt fleire saker i rene tall enn før, fortel avdelingsdirektør Ketil Larsen.
Han forklarer vidare at i ein del av sakene der UNE ikkje har fått medhald, så er det ikkje einsbetydande med at utfallet er feil.
– Det kan vere at grunngivingane våre må bli tydelegare. Og det tek vi til etterretning, fortset han.
– Domstolskontroll er ein viktig del av rettsvernet. Og dommar er viktige tilbakemeldingar på om saksbehandlinga vår held den standarden den skal etter regelverket.
Rettskraftige dommar
Statistikk
Dommar | Medhaldsprosent | |
Tingretten | 24 | 58% |
Lagmannsretten | 26 | 50% |
Høgsterett | 3 | 67% |
I tillegg blei ein dom frå lagmannsretten oppheva i staten sin favør i Høgsterett.
Talet på rettskraftige dommar frå lagmannsretten er vesentleg lågare samanlikna med i 2021. Lagmannsretten avsa 42 dommar i 2021 og berre 26 i 2022.
Sakstypar
Dei fleste dommane gjaldt sakstypane asyl, utvising, tilbakekall og familieinnvandring.
Statistikk*
Dommar | Medhaldsprosent | |
Asyl | 22 | 59% |
Utvising | 13 | 62% |
Familieinnvandring | 6 | 67% |
Tilbakekall | 5 | 40% |
* Saker blir registrerte som berre ein sakstype i systema våre. Dette gjer at saker som fell under fleire sakstypar, for eksempel utvising og tilbakekall, er registrerte på berre ein av desse. Vi tek derfor atterhald om feil og manglar i talmaterialet.
Tema i Høgsterett
I 2022 var fire saker oppe i Høgsterett, det er ein færre enn i 2021.
Tema som kom opp i Høgsterett var:
- EØS og utvising: Om utvising av ein EØS-borgar er gyldig. UNE fekk ikkje medhald.
- Utvising: Om utvising av ein utlending på grunn av alvorleg kriminalitet er forholdsmessig, sjølv om han kom til Noreg som barn. UNE fekk medhald.
- Asyl: Om UNE si avgjerd om ikkje å omgjere vedtak om avslag på søknad om asyl er gyldig. UNE fekk medhald, og lagmannsretten sin dom blei oppheva. Saka blei behandla på nytt i lagmannsretten.
- Familieinnvandring: Om alderskrav for familieetablering er i strid med EMK. UNE fekk medhald.
Oppsummering 2020-2022
Til saman er det 212 rettskraftige dommar frå dei tre siste åra.
Statistikk
Dommar | Medhaldsprosent | |
Tingretten | 88 | 73% |
Lagmannsretten | 113 | 61% |
Høgsterett | 11 | 73% |
Rettssaker i UNE
Visste du at...
- UNE-vedtak som blir kjend ugyldig av retten, blir sendt tilbake til UNE for ny behandling av ein annan nemndleiar. Det gis utsett iverksetjing frem til saka er behandla på nytt. Det nye vedtaket skal alltid vere i tråd med premissane i dommen.
- Regjeringsadvokaten (RA) er UNE sin faste prosessfullmektig i sivile saker, men dei kan også fordele saker til vår eiga prosedyreavdeling. Avdelinga er fagleg uavhengig, og består av advokatar og advokatfullmektigar.
- UNE har eit rettssakslag. Laget er samansett av eit utval av
saksbehandlarar frå sekretariatet, og skal sikre ei god og effektiv handtering av rettssaksarbeidet.