Førebelse tal for 2021 viser at saksbehandlingstida i UNE har auka i forhold til 2020.
Førebelse tal for 2021 viser at saksbehandlingstida i UNE har auka i forhold til 2020.
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i UNE låg på 158 dagar ved utgangen av juni 2021. På same tidspunkt i 2020 låg den på 118 dagar. For heile 2020 under eitt var behandlingstida 130 dagar.
Tala er eit gjennomsnitt av behandlingstida for alle sakstypar, inklusive omgjøringsanmodninger. I tillegg gjeld aukinga i 2021 for alle dei ulike sakstypane - med unnatak av studiesaker. Der har tida gått ned frå 104 dagar for heile 2020 til 93 dagar per 30.6.2021.
Utviklar nye digitale system
Ei av årsakene er at saksbehandlarane i større grad enn før blir nytta til andre oppgåver enn saksbehandling, for eksempel utvikling av nye digitale løysinger.
- For tida jobbar vi mykje med å få på plass digitale system som er meir moderne og brukarvennlege. Vi håper at dette også vil hjelpe oss å effektivisere saksbehandlinga på sikt, seier Marianne Jakobsen, som er direktør i UNE.
Kvaliteten skal oppretthaldast
Direktøren viser til tildelingsbrevet for 2021, som er Justisdepartementets årlege instruks til UNE. Der står det at «UNE skal behandle alle innkomne klager effektivt, med den kvalitet som anses nødvendig ut fra sakens karakter og kompleksitet.»
- Både effektivitet og kvalitet i saksbehandlinga er viktig med tanke på rettstryggleiken. Oppgåva framover blir å forsøke å jobbe ned behandlingstida, samstundes som vi opprettheld kvaliteten, avsluttar Jakobsen.
Du finn fleire oppdaterte tal på statistikk-sidene våre.