UNE har publisert eit nytt praksisnotat om utestenging frå retten til flyktningstatus. Notatet skildrar korleis UNE praktiserer desse reglane.
Notatet baserer seg på ein gjennomgang av oppimot 80 saker som UNE har behandla mellom 2015 og fram til april 2021. Det er også vist til fire rettsavgjerder. Felles for alle sakene er at utestenging er tema.
I det store fleirtalet av sakene har UNE oppretthalde UDI sitt vedtak om utestenging. I desse sakene har altså klagaren blitt utestengd frå flyktningstatus, men i så godt som alle sakene har klagaren også fått mellombels opphaldsløyve etter utlendingslova § 74 (lovdata.no).
I omtrent ein sjettedel av sakene fatta UNE ikkje vedtak om utestenging.
Kva er utestenging?
I utlendingsrettsleg forstand handlar utestenging om at utlendingar som kjem til Noreg som flyktningar, men som har gjort seg skuldige i grove overgrep før dei kom til Noreg, kan bli nekta status og rettar som flyktning. Utestenging kan også vurderast dersom handlingane er utførte i Noreg.
Formålet med utestenging er todelt. For det fyrste er det å utestengje personar som ikkje blir rekna som verdige for flyktningstatus. For det andre er det å sikre at personar som har gjort alvorlege brotsverk utanfor Noreg, ikkje skal unngå straffeforfølging ved å søkje om asyl.
Sjølv om nokon blir fråteke retten til flyktningstatus, er dei framleis verna etter § 73 i utlendingslova (lovdata.no). Det tyder at dei ikkje skal sendast ut dersom dei risikerer tortur eller umenneskeleg behandling i landet dei må reise til.
Hovudvekt av ikkje-politiske brotsverk
Utestenging er regulert i § 31 i utlendingslova (lovdata.no). Praksisnotatet viser at UNE har vurdert utestenging etter fleire av føresegnene i paragrafen, men dei fleste sakene er vurderte opp mot paragrafen sitt fyrste ledd bokstav b.
Ifølgje denne føresegna skal utlendingen utestengjast dersom det er «alvorlig grunn til å anta» at utlendingen «har gjort seg skyldig i en alvorlig ikke-politisk forbrytelse utenfor Norges grenser, før han fikk adgang til Norge som flyktning». Praksisnotatet inneheld anonymiserte eksempel frå sakene, som gir eit innblikk i kva som kan inngå i denne type sakskompleks, og korleis UNE vurderer dei ulike forholda opp mot regelverket.
Du finn heile praksisnotatet her.