UNE behandla 5 502 saker i 2022. Nesten ein av tre asylsaker fekk eit endra vedtak.
Tala er henta frå UNE sine system ved årsskiftet, og omfattar både klagesaker og omgjøringsanmodninger.
Den totale omgjeringsprosenten, altså dei sakene der UNE endrar det opphavelege vedtaket, var på 18 prosent i 2022. Det er ein auke samanlikna med føregåande år. I 2019 og 2020 var talet omtrent 12 prosent, og i 2021 var det 17 prosent.
Høgast omgjeringsprosent i asylsaker
Asylsaker og utvisingssaker er dei sakstypane med høgast omgjeringsprosent. 30 prosent av asylsakene blei omgjorde, og 25 prosent av utvisingssakene.
Direktør i UNE, Marianne Jakobsen, understrekar at det ikkje er noko mål å ha ein spesielt høg eller låg omgjeringsprosent.
– Det som er viktig er at sakene får riktig utfall ut frå regelverket og innhaldet i sakene, seier Jakobsen.
Ho forklarer at eit endra vedtak i ei asylsak ikkje alltid er det same som at det blir gitt vern.
– I ein del av sakene har det blitt gitt opphald på humanitært grunnlag. Det kan vere saker der barn er involverte og at barnet sitt beste har fått avgjerande tyding, eller det kan vere forhold knytte til helse som gjer at det er sterke menneskelege omsyn i saka, avsluttar Jakobsen.
Forskjell på land
Iran var det landet som hadde flest asylsaker. UNE behandla 115 asylsaker frå Iran i 2022, og gjorde om på 32 prosent av dei.
Samtidig er omgjeringsprosenten aller høgast for Etiopia og Eritrea. 44 prosent av asylsakene frå Etiopia blei gjorde om på. For Eritrea var talet 53 prosent. Det store fleirtalet av dei endra vedtaka i desse sakene gjeld personar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Dei aller fleste av sakene er omgjøringsanmodninger.
I saker der barn får opphald ut frå sterke menneskelege omsyn, vil vanlegvis familiemedlemmane også få opphald. Det dreg opp omgjeringsprosenten, og er ein del av biletet.
Andre sakstypar
Sjølv om den totale omgjeringsprosenten har auka, har den gått ned innanfor nokre sakstypar. I saker om familieinnvandring har den for eksempel gått ned frå 20 prosent i 2021 til 14 prosent i 2022.
Det er stor auke i talet på saker som handlar om permanent opphaldsløyve. UNE behandla 410 av desse sakene i 2022, mot 258 i 2021.
Når det gjeld arbeidssaker, har saksbehandlingstida gått kraftig ned. Ei arbeidssak tok gjennomsnittleg 133 dagar å behandle i 2022. I 2021 var talet 239 dagar.