Styresmaktene har eit klart og legitimt behov for å vite identiteten til utlendingar som oppheld seg i Noreg – altså kven dei er, og kvar dei kjem frå. UNE har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere spørsmålet om identiteten til utlendingen i samband med behandlinga av klagesaker. FV-02 gjer nærare greie for rettsreglar og omsyn som er relevante for vurderinga av identiteten til klagaren i ei utlendingssak. Her finn du meir informasjon om omgrepet identitet, lovkrava som gjeld for å grunngi den sannsynlege identiteten, korleis ein kan grunngi identiteten, og kva konsekvensar mangelfull grunngiving av identiteten har for innhaldet i det opphaldsløyvet som blir gitt.
Publisert: 16.02.2017 16.02.2017
Sist oppdatert:
12.01.2023
12.01.2023
FV-02: Vurdering og registrering av identitet
Fagleg rettleiing (FV) gjer greie for relevante rettskjelder innanfor eit avgrensa rettsleg tema. Hovudvekta ligg på korleis rettskjeldene blir brukte i praksis i UNE.