Utgangspunktet i det gjeldande regelverket og praksisen i UNE er at helsemessige forhold i seg sjølv ikkje gir grunnlag for opphald. Berre i unntakstilfelle kan det bli gitt eit slikt løyve i saker der det er snakk om «sterke menneskelige hensyn». FV-04 gjer greie for dei reglane som gjeld, og kva praksis UNE har i slike saker. Rettleiinga skildrar mellom anna krava til dokumentasjon av helseforhold, korleis slike saker blir greidde ut, kravet i praksisen til UNE om kor alvorleg den aktuelle lidinga må vere, og kravet til behandlingstilbodet i heimlandet.
Publisert: 16.02.2017 16.02.2017
Sist oppdatert:
21.07.2022
21.07.2022
FV-04: Helseforhold som grunnlag for opphaldsløyve i medhald av utlendingslova § 38
Fagleg rettleiing (FV) gjer greie for relevante rettskjelder innanfor eit avgrensa rettsleg tema. Hovudvekta ligg på korleis rettskjeldene blir brukte i praksis i UNE.