Her finn du informasjon om korleis du kan søkje på ledige stillingar og vår søknadsprosess.
Korleis er det å jobbe i UNE?
Hos oss finn du folk med forskjellig fagbakgrunn. UNE sine tilsette inkluderer juristar, samfunnsvitarar, humanistar, teknologar og andre faggrupper.
Bli kjent med nokre av dei som jobbar hos oss og kva vi kan tilby.
Ledige stillingar
Det er for tida ingen ledige stillingar i UNE
Kva skjer etter at du har sendt inn søknad?
Så snart søknadsfristen har gått ut, vil den ansvarlege leiaren i samråd med HR gå i gang med å velje ut kvalifiserte søkjarar til eit intervju. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta direkte og kalla inn til intervju så snart som mogleg. Vi gjer merksame på at utveljinga vil ta lengre tid ved store søkjarmassar, og at det derfor ikkje er unormalt at det kan gå noko tid før vi kontaktar aktuelle kandidatar.
Avhengig av kva stilling det gjeld, gjennomfører vi minst eitt intervju. For nokre stillingar vil det også vere aktuelt å teste kandidaten gjennom caseoppgåver. Til slutt vil det bli gjennomført ein referansesjekk på dei kandidatane vi ønskjer å ta med oss vidare i prosessen.
Normalt vil den ansvarlege leiaren etter intervju og referansesjekk gi ei innstilling. Saka blir deretter send til tilsetjingsrådet, som har avgjerdsmynde. Etter godkjenning i tilsetjingsrådet vil det bli sendt ut tilbodsbrev om stilling omgåande.
Etter at prosessen er ferdig, vil alle søkjarane få melding om utfallet gjennom rekrutteringsløysinga vår.
Personvernerklæring for jobbsøkjarar
Dersom du søkjer jobb hos Utlendingsnemnda, treng vi å behandle opplysingar om deg for å vurdere søknaden din. Les meir om korleis vi behandlar opplysingar om deg og kva rettar du har.