
Foto: adobe stock
Det gjer at enkelte med sak i UNE ikkje får bekrefting på at saka, eller innsend dokumentasjon, er motteken.
Ustabiliteten har ikkje nokon innverknad på saksbehandlinga i UNE eller utfallet i sakene.
Kva er eMeldingar?
UNE sender normalt ut automatiske meldingar om at vi har fått saka eller innsendt dokumentasjon. Meldingane, også kalla eMeldingar, blir sende via e-post til dei som har ei sak hos oss eller advokatane eller fullmektigane deira.
Kva saker gjeld det?
Ustabiliteten ser ut til å gjelde personar som har reist ut av Europa (Schengen-området) og der utreisa har vorte registrert i systemet vårt med «iverksatt utreiseplikt». Over tid har vi opplevd ustabilitetet i utsendinga av enkelte av desse meldingane.
Dette kan gjelde ulike sakstypar, slik som saker om utvising og om beskyttelse. Søkjarane har da ikkje fått bekrefting på at UNE har fått saka eller innsendt dokumentasjon. UNE har heller ikkje sendt ut månadlege meldingar om at saka framleis er til behandling her.
Vi beklagar denne ustabiliteten i eMeldingane.