Utlendingsforvaltninga er avhengig av at søkjarar og andre gir opplysningar med sensitivt innhald, for at forvaltninga skal kunne utføre dei pålagde oppgåvene sine på ein forsvarleg måte. Den private parten skal kunne ha tillit til at dei opplysningane han/ho gir til forvaltninga, ikkje blir gitt vidare til uvedkommande eller blir brukte til andre føremål enn dei er henta inn for, eller i større grad enn det er heimel for. FV-01 gjer nærare greie for reglane i forvaltningslova om teieplikt for å sikre at alle i UNE er kjende med og held teieplikta.

Rettleiinga gir ei oversikt over dei rettslege utgangspunkta for forståinga av føresegnene, kva omsyn som er relevante i skjønnsvurderinga, og korleis desse har vore brukte i praksis i UNE.