I saker om utvising blir klagaren sin helsetilstand, og retursituasjon som følgje av helseproblema, vurdert konkret opp mot alvoret i dei strafflagde handlingar i saka. Heilt unntaksvis kan klagaren sine helsemessige forhold få større vekt i vurderinga av om tiltaket vil være mishøveleg. FV-07 gjer greie for dei reglane som gjeld, og kva praksis UNE har i slike saker. Rettleiinga skildrar mellom anna krava til dokumentasjon av helseforhold, korleis slike saker blir greidde ut, og betydinga av alvoret i den aktuelle lidinga og behandlingstilbodet i heimlandet.