IR-11 skildrar dei overordna utgangspunkta for arbeidet med rettssaker i UNE. Retningslinja skildrar korleis arbeidet er organisert, og kven som har ansvaret for kva. Nærare detaljar finn du i rutineskildringa RB-26 Rutinar for handtering av rettssaker i UNE.
Publisert: 07.02.2017 07.02.2017
Sist oppdatert:
21.04.2021
21.04.2021
IR-11: Handtering av rettssaker i UNE
Dei interne retningslinjene (IR) er dei overordna styringsdokumenta som skal sikre at saksbehandlinga har god kvalitet og er effektiv. Dei skildrar det sentrale ved dei rettslege forpliktingane til UNE og saksbehandlingsrutinane til UNE. Direktøren for UNE godkjenner alle interne retningslinjer.