UNE behandlar klager på vedtaka til UDI i asylsaker, andre utlendingssaker og saker om statsborgarskap.
UNE skal gi god sørvis til brukarane sine i tråd med kjerneverdiane våre; pålitelegheit, openheit og respekt. I tillegg skal UNE bidra til ei heilskapleg, effektiv og brukarorientert utlendingsforvalting, som brukarane våre har tillit til. Denne sørviserklæringa gjelder dei som har ei klage til behandling i UNE og deira fullmektigar.
UNE skal:
- Så raskt som mogeleg behandle saka di korrekt og i samsvar med utlendingslova og internasjonale forpliktingar
- Sjå at saka er tilstrekkeleg opplyst til at vedtak kan fattast
- Om nødvendig gi deg informasjon om kva opplysingar UNE manglar for å behandle saka di
- Gi deg innsyn i saka di dersom du ønsker det
- Overhalde teieplikta og behandle opplysingane i saka i tråd med personopplysingslova
- Fremje rettstryggleik
- Vareta forvaltningsrettslege krav til kvalitet og likebehandling i saksbehandlinga
UNE vil også:
- Møte alle med vennlegheit, openheit og respekt
- Bruke eit klart og tydeleg språk, både i vedtak og i dialogen med deg og/eller din fullmektige
- Tilby trygge og brukarvennlege digitale tenester og sjølvbeteningsløysingar. Det skal vere trygt og enkelt for deg å samhandle digitalt med oss
- Synleggjere regelverk og praksis gjennom nettsidene våre
- Sende automatisk melding på e-post om at klaga er motteken og om forventa ventetid på svar på søknaden
- Svare på førespurnader vi mottek over telefon
UNE forventar at du:
- Har DUF-nummer i saka tilgjengeleg når du vender deg til oss
- Dokumenterer identiteten din og gir oss tilstrekkelege og riktige opplysingar i saka
- Sørger for at UNE får all nødvendig dokumentasjon
- Informerer UNE skriftleg dersom situasjonen din endrar seg på ein måte som kan ha betydning for klagesaka
- Melder flytting til Folkeregisteret, eller til politiet dersom du er asylsøkar i Noreg
- Oppgjev kontaktopplysingane dine, slik at e-post og brev kan kome fram til deg
- Informerer UNE skriftleg dersom du vil gi ein annan person fullmakt, slik at han eller ho kan følge opp saka din og få kopi av vedtaket