28 av 29 barnefamiliar som er transporterte ut, har fått svar på omgjeringskrava sine. Fire familiar får så langt kome tilbake.
Status per 30. oktober 2015 er slik:
- 4 barnefamiliar fått løyve, og éin av dei har kome tilbake til Noreg.
- 24 barnefamiliar har fått det tidlegare avslaget ført vidare etter behandling i nemndmøte.
Den siste familien vil få saka si behandla på nytt så snart ho er klar til avgjerd.
Gjeld 30 familiar
Ei forskrift som blei sett i kraft 15. juni 2015, gir ei avgrensa gruppe med barnefamiliar rett til å få saka si vurdert på nytt.
Forskrifta gjeld for barn som
- oppheld seg i utlandet, og
- har blitt tvangsreturnerte i perioden 1. juli 2014 til 18. mars 2015, og
- har opphalde seg i Noreg i fire år eller meir, og
- ikkje har fått vurdert saka si etter at reglane for vurdering av i kva grad barn er knytte til Noreg, blei endra i desember 2014
Av 30 familiar har 29 familiar ønskt å nytte seg av ordninga og bede om ny behandling. Familiane fordeler seg på om lag 125 personar. Om lag halvparten er barn som har meir enn fire års opphaldstid.
Om resultata
Når alle sakene er behandla ferdige, vil UNE gå gjennom vedtaka og gjere greie for resultata.
Førebels kan vi melde at alle sakene er vurderte individuelt og konkret. UNE har følgt den praksisen som gjeld etter at reglane for vurderinga av i kva grad barn er knytte til Noreg, blei endra i desember 2014. Ein må derfor sjå utfallet av sakene i lys av denne praksisen, der desse utgangspunkta gjeld:
- Når barn som følgjer med familiar har opphalde seg frå om lag 4,5 år i Noreg og gått minst 1 år på skule, har barnet ei tilknyting som kan gi grunnlag for opphaldsløyve. Etter reglane skal kvar sak vurderast individuelt, og då kan også andre moment enn opphaldstid og skulegang verke inn på utfallet.
- I vurderinga av om ein kan gi løyve, vil tilknytinga bli vegen opp mot innvandringsregulerande omsyn. Tunge innvandringsregulerande omsyn kan tale imot å gi løyve, sjølv om familien har opphalde seg Noreg i meir enn om lag 4,5 år. Dette kan til dømes vere at foreldra har brukt falsk identitet eller har halde tilbake identitetsdokument, slik at det har vore vanskeleg å returnere dei til heimlandet. Verdien av slike forhold blir vurderte individuelt i kvar enkelt sak.
Mange av familiane som etter ny behandling har fått det tidlegare avslaget ført vidare, har hatt ei opphaldstid på under om lag 4,5 år i Noreg. Grensa for å be om å få vedtaket gjort om er sett til fire år, det vil seie under den gjeldande praksisen i UNE for å gi løyve på bakgrunn av at barn er knytte til Noreg gjennom opphaldstid/skulegang åleine.
Saksbehandlinga
Med unntak av to saker som er innvilga av nemndleiarar, har alle sakene blitt avgjorde etter behandling i nemndmøte. Ein nemnd er sett saman av ein nemndleiar som er tilsett i UNE, og to nemndmedlemmer som er lekfolk. Ved at sakene er avgjorde av ulike nemnder, har så langt 41 ulike avgjerdstakarar vore med på å avgjere sakene.
Høyring av barn
Barn har rett til å bli høyrde under saksbehandlinga. Alle barna er høyrde. UNE har følgt utlendingsforskrifta, der det går fram at barn kan bli høyrde direkte eller indirekte, munnleg eller skriftleg.
Det går vidare fram at avgjerdstakarane må vurdere konkret korleis dei skal høyre barna i dei enkelte tilfella. I nokre saker har barn blitt høyrde gjennom samtalar med fullmektig, som har formidla synspunkta til barna vidare skriftleg til UNE. I andre saker har ein fullmektig referert fråsegner frå foreldre eller andre som kjenner situasjonen til barnet godt, og som kan uttale seg på vegner av barnet.
Situasjonen til barna og kva tilknyting dei har til Noreg, har vore svært godt opplyst i alle desse sakene.
Utgreiing publisert på une.no 05.10.2015. Oppdatert 02.11.2015.