ID-arbeidet i samband med den store asyltilstrøyminga i fjor haust er no evaluert.
Hausten 2015 kom det eit rekordstort tal asylsøkjarar til Noreg. Det blei registrert 31 145 asylsøkjarar i 2015, mot 11 480 personar i 2014. Verken utlendingsforvaltninga eller andre styresmakter var førebudde på det høge talet asylsøkjarar i 2015.
Nasjonalt ID-senter har evaluert ID-arbeidet under den store asyltilstrøyminga hausten 2015.
Politidirektoratet, Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Politiets utlendingseining (PU), Finnmark politidistrikt, Øst politidistrikt, Politiets tryggingsteneste (PST) og Nasjonalt ID-senter har vore med i evalueringa. Dei har også vore representerte i styringsgruppa i prosjektet, for å sikre god forankring og kvalitetssikring i etatane.
Prosjektet har evaluert ID-arbeidet som er utført, både innanfor kvar enkelt etat og i samhandlinga mellom dei involverte aktørane, og har gitt råd om tiltak for å betre og effektivisere ID-arbeidet som blir utført når det kjem mange asylsøkjarar.