Dublin-samarbeidet og rapportar om dårlege mottaksforhold i Italia for asylsøkjarar har prega samarbeidet mellom Italia og andre europeiske land lenge før asyltilstrøyminga til Europa eksploderte i fjor haust.
Allereie i november i fjor sende Utlendingsnemnda (UNE) ein delegasjon med fire nemndleiarar, éin seksjonssjef og to fagfolk på ei reise til Malta og Italia for å hente inn informasjon.
Reisa hadde to kompetanseføremål: Det eine var auka migrasjon til Europa over Middelhavet, og det andre føremålet gjaldt arbeidet i UNE med saker med føresegna som regulerer kva saker som kan bli realitetsbehandla her i landet. Delegasjonen skulle også orientere seg om asylsystemet og mottaksforhold i Italia og Malta for både asylsøkjarar og personar med opphaldsløyve.
Delegasjonen skulle hente inn opplysningar om desse spørsmåla/temaa:
- generelle migrasjonsutfordringar ved den auka migrasjonen over Middelhavet
- framkomst- og registreringsprosedyrar
- korleis ID blir fastsett
- kva informasjon asylsøkjarane har om Dublin-systemet, og kva informasjon som blir gitt om Dublin-prosedyrar
- korleis språkbarrierar og tolkeassistanse blir handtert
- på kva måte søkjarane blir tilbydde juridisk hjelp
- informasjon om mottaksforhold og korleis einslege mindreårige, familiar med små barn og særleg sårbare personar blir innlosjerte
- kva helsetenester som blir tilbydde til asylsøkjarar
- kor lang saksbehandlingstida er for asylsøknader, og korleis eventuelle klagemoglegheiter er lagde opp
- kva for integreringstiltak som blir sette i verk frå styresmaktene dersom ein søknad blir innvilga
- kva som skal til for å oppnå permanent opphaldsløyve, og kva rettar og plikter flyktningar som har fått opphald, har