Bilde av landene Afghanistan, Irak og Iran

Foto: Adobe stock

Seks av ti saker var frå søkarar med endeleg avslag som ønskte ei ny vurdering.

Halvvegs inn i 2018 hadde UNE fått inn 1271 asylsaker. Søkarar frå Afghanistan utgjorde den største gruppa, med 293 saker. Mange av sakene var frå søkarar frå Irak, Iran, Etiopia og Eritrea.

I same periode frå januar til juni i fjor kom det inn 3152 asylsaker.

– Det kjem færre asylsøkarar til Noreg, og det forklarer langt på veg at UNE no får færre saker inn frå UDI, seier Bjørn Lyster, kommunikasjonsdirektør i UNE.

Seks av ti asylsaker som kom inn til UNE i perioden januar til juni 2018, var omgjeringskrav. Til samanlikning var ein firedel av sakene omgjeringskrav i same periode i fjor. Det er ikkje første gang delen omgjeringskrav er høy. Både i 2014 og 2015 var omtrent halvparten av innkomne saker omgjeringskrav.

Tala baserer seg på uttrekk frå UNE sine system. Såkalla Dublin-saker er tekne med, og utgjorde 194 saker i første halvår 2018. Dette er saker der ein asylsøkar har søkt asyl i eit anna europeisk land og saka blir behandla etter Dublin-regelverket.

Fakta

  • UNE mottok 1271 asylsaker i månadane januar til juni 2018. 501 var klager på UDI sine vedtak. 770 var omgjeringskrav frå utlendingar som tidlegare hadde fått eit UNE-vedtak og som bad UNE sjå på saka på nytt.
  • På same tid i 2017 hadde UNE fått inn 3152 asylsaker. Av dette var 2348 klagesaker og 804 omgjeringskrav.
  • Ei sak hos UNE kan vere ei klagesak eller eit omgjeringskrav. I klagesaker vurderer UNE asylsøkaren si klage over UDI sitt vedtak om avslag.  Eit omgjeringskrav er ei skriftleg oppmoding frå ein søkar som tidlegare har fått klagesaka avgjort av UNE, der han eller ho ber om at saka blir vurdert på nytt.