UNE fekk 80 rettskraftige dommar i 2020.
Rettskraftige dommar 2020
Statistikk
Dommar | Medhaldsprosent | |
Tingretten | 34 | 76% |
Lagmannsretten | 44 | 70% |
Høgsterett | 2 | 100% |
Færre dommar frå tingretten
Talet på rettskraftige dommar frå tingretten er meir enn halvert samanlikna med 2019. Tingretten avsa 57 dommar i 2019 og 34 dommar i 2020.
Sakstypar
Flest dommar frå tingretten og lagmannsretten gjaldt saker om asyl, utvising og familieinnvandring.
Statistikk
Dommar | Medhaldsprosent | |
Asyl | 36 | 72% |
Utvisning | 17 | 76% |
Familieinnvandring | 13 | 69% |
Tema i Høgsterett
- Den rettslege forståinga av «heimland» i asylsaker. Høgsterett kom til at det i dei fleste saker vil vere det same som statsborgarskap, men ikkje alltid.
- Tvangsretur. Høgsterett kom til at konsekvensar av ein mogeleg tvangsretur ikkje kan bli vektlagde i asylsvurderingar.
Rettskraftige dommar dei siste tre åra 2018 - 2020
- Tingretten: 158 dommar, medhaldsprosenten var 76%
- Lagmannsretten: 118 dommar, medhaldsprosent var 73%
- Høgsterett: UNE fikk medhald i 5 av 6 dommar
Visste du at:
Eit UNE-vedtak som blir kjent ugyldig av retten, blir sendt tilbake til UNE for ny behandling av saka? I mange tilfelle vil ein ny vurdering føre til at saka blir innvilga, men ikkje alltid. Det nye vedtaket skal alltid vere i tråd med premissane i dommen.