Ei lovføresegn frå 2018 seier at ein utlending med mellombels opphaldsløyve kan utvisast når utlendingen er avvist frå rett til å bli anerkjend som flyktning. Stornemnda skal no avgjera to slike utvisingssaker som reiser prinsipielle spørsmål om tilbakevirkning etter Grunnloven § 97.
Stornemnda skal behandle sakene til to personar 30. august. Dei har mellombelse opphaldsløyve i Noreg og har vorte avvist frå retten til å bli anerkjende som flyktningar i UNEs vedtak frå høvesvis 2018 og 2019 etter utlendingsloven § 74, jf § 31.
Nye lovføresegner om utvising på grunnlag av utestenging tredde i kraft i november 2018 , inntatt i utlendingslovens § 67 første ledd bokstav e (lovdata.no), som seier at ein utlending med mellombels opphaldsløyve kan bli utvist når utlendingen er avvist frå retten til å bli anerkjend som flyktning etter § 31. UDI har utvist begge klagarane etter denne avgjerda.
Reiser prinsipielle spørsmål om tilbakevirkning
Sakene er av prinsipiell tyding, og skal derfor behandlast i Stornemnd. Felles for begge sakene er at dei straffbare forholda som ligg til grunn for vedtaka om utestenging, vart gjort før den nemnde lovendringa (§ 67 første ledd bokstav e) tredde i kraft.
Den relevante forskjellen i dei to sakene er at i den eine saka vart vedtaket om utestenging fatta før den nye lova trådde i kraft, medan det vart fatta etter i den andre saka.
Hovudspørsmålet som skal vurderast av stornemnda er følgjeleg om utvising av klagarane etter utlendingslovas § 67 første ledd bokstav e er i strid med Grunnloven § 97, som bestemmer at «Inga lov må givast tilbakeverkande kraft».
Dei fleste saker i UNE blir avgjort av ein nemndleiar etter førebuing av ein sakshandsamar eller i eit nemndmøte av ein nemndleiar og to nemndmedlemmer. I heilt spesielle tilfelle blir ei sak avgjort av ei stornemnd.
I ei stornemnd er det tre nemndleiarar og fire nemndmedlemmer som avgjer saka.
Stornemndavgjerder har presedensverknad for etterfølgande saker i UDI og UNE.
Kva for saker som kan avgjerast i stornemnd blir regulert av utlendingsforskrifta § 16-4 (lovdata.no). Det gjeld blant anna saker av prinsipiell tyding, saker med store samfunnsmessige eller økonomiske konsekvensar og saker på område der det er tendensar til ulik praksis.
Kva som avgjer kva avgjerdsform ei sak får i UNE, kan du lese om i den interne retningslinja vår om avgjerdsformer.
Les meir om stornemnd:
- Avgjerder frå stornemnder finn du på denne sida på une.no.
- I IR-03 kan du lese om rutinane for korleis saker som skal behandlast i stornemnd, skal førebuast, og korleis stornemnd blir gjennomført. Ho skildrar også rutinane for deltaking i stornemndmøte og korleis stornemndavgjerder skal følgast opp.