Det er første gongen Høgsterett avgjer terskelen for når medverknad til eit alvorleg brotsverk dannar grunnlag for utestenging (eksklusjon) frå flyktningstatus. Saka blir behandla 14.- 15- november.
Ein syrisk mann som tenestegjorde i den syriske hæren under opprøret mot Assad-regimet, oppfyllar i utgangspunktet vilkåra for asyl, jf. utlendingslova § 28. I 2018 behandla UNE klagesaka, og kom til same resultat som UDI - at medverknadshandlingane danna grunnlag for å stengja ute klagaren frå flyktningstatus.
UNE meinte at då han var soldat, medverka han til handlingar som var så alvorlege at det ikkje samsvarar med flyktningstatus. Det følgjer av utlendingsloven § 31 første ledd bokstav b at dersom det er alvorleg grunn til å tru at ein utlending «har gjort seg skuldig i eit alvorleg ikkje-politiske brotsverk utanfor Noregs grenser», skal vedkommande stengjast ute frå flyktningstatus.
Syraren vart innvilga mellombels opphaldsløyve etter utlendingslova § 74. UNE har to gonger seinare ikkje funne grunn til å gjera om vedtaket. Då saka var oppe i tingretten i september 2022, fekk UNE medhald. I januar 2023 kom lagmannsretten til motsett resultat. Saka er derfor anka til Høgsterett.
Utestenging frå flyktningstatus
Utestenging frå flyktningstatus betyr at styresmaktene i det landet ein søkjer asyl, kan nekta ein søkjar rett til vern etter utlendingsloven § 28 viss det er alvorleg grunn til å tru at hen har gjort seg skuldig i forhold som blir regulert av utlendingslova § 31.
Formålet med utestenging er todelt:
- For det første er nokre handlingar så alvorlege at dei som har utført handlingane ikkje fortjenar internasjonal beskyttelse.
- For det andre er det å sikra at personar, som har gjort seg skuldige i alvorlege brotsverk utanfor Noreg, ikkje skal unngå strafforfølgning ved å søkja om asyl.
Partane i denne saka er samde om at handlingane klagaren har medverka til var alvorlege, ikkje-politiske og gjort utanfor Noregs grenser. Spørsmålet for Høgsterett er avgrensa til om medverknadshandlingane er tilstrekkeleg til å danna grunnlag for utestenging frå asyl. Kan ein meinig vernepliktig soldat, som ikkje er gjerningsperson, blir rekna for å ha medverka til alvorlege brotsverk gjort av overordna hans og andre tenestegreiner enn dei han sjølv var tilknytta?
Denne Høyesterettssaka er godt eigna til å avklara kvar terskelen for utestenging på grunn av medverknad til brotsverket skal vera. Krigen i Ukraina med tilhøyrande flyktningstraumar inneber at Noreg må forventa å få asylsøknader frå ei rekkje personar som har tenestegjort i krigen. På generelt grunnlag antek utlendingsstyresmaktene at fleire av desse kan ha medverka til alvorlege overgrep mot sivile.
Dommen frå lagmannsretten
Dommen finn du her. Borgarting lagmannsrett - Dom: LB-2022-152712 - Lovdata
Lagmannsretten kom under tvil til at UNE hadde lagt til grunn feil lovforståing av medverknadsansvaret, jf. utlendingsloven § 31 første ledd bokstav b. Handlingane til utlendingen gjort som vernepliktig soldat i Syria vart ikkje rekna for å utgjera «substantial contribution» til dei straffbare hovudhandlingane som vart gjort av tryggingstenesta og offiserar i regimentet til utlendingen.
Partane er i hovudsak samde om dei faktiske forholda som eventuelt dannar grunnlag for utestenging. Usemja er om medverknadshandlingane er tilstrekkeleg til å danna grunnlag for utestenging (medverkeranssvaret objektive side).
Lagmannsretten kjem til at medverknadsansvaret er oppfylt etter nasjonal strafferett, men etter tvil, ikkje etter det internasjonale medverknadsansvaret.
Juridisk praksis for utestenging frå asyl (praksisnotat)
Det store fleirtalet av sakene i UNE der utestenging er vurdert, har enda med utestenging frå flyktningstatus. Det er vurdert utestenging etter fleire av føresegnene i § 31, men hovudvekta av sakene gjeld utestenging etter utl § 31 første ledd bokstav b. I så godt som alle desse sakene har klagarane fått innvilga løyve etter utl § 74, jf. § 73 anna ledd.
Praksisnotatet Praksisnotat: Utelukkelse (eksklusjon) (une.no) gir ei fremstilling av UNEs praksis. Notatet baserer seg på ein gjennomgang av ei rekkje vedtak fatta etter 2015.