UNE har levert rapporten for 2023 til Justis- og beredskapsdepartementet.
Årsrapporten er UNEs årlege rapport om verksemda det føregåande året. Den blir sendt til Justis- og beredskapsdepartementet, som UNE administrativt sorterer under.
Dei hadde to hovudmål for UNE i 2023:
- Klagarar får saka si korrekt behandla utan ugrunna opphald
- Alle som oppheld seg i Noreg, har avklart identitet og lovleg opphald
Direktør Marianne Jakobsen fortel at UNE har klart å oppretthalde kvalitetskrava for å sikre ei korrekt og rettssikker behandling av alle saker.
– Gjennom vedtaka og avgjerdene våre har vi også bidrege til å sikre at dei som oppheld seg i Noreg, har avklart identitet og lovleg opphald. Eg meiner å kunne seie at totalt så har vi bidrege godt til hovudmåla til migrasjonskjeda, og har nådd dei verksemdsspesifikke måla våre.
I 2023 blei det gjort mye på digitaliseringssida. UNE har blant anna jobba med ei løysing for arbeidet med rettssaker og rettspraksis, og heildigitalisering av nemndmøte. I tillegg har UNE delteke aktivt i arbeidet med modernisering av IT-systemene i utlendingsforvaltningen, og innført eit nytt digitalt verktøy for ID-avklaring.
Fleire saker og lågare saksbehandlingstid
Totalt så fekk UNE inn 7 029 saker i 2023. Dette utgjorde ei auke på 31 % frå 2022 og er det høgaste talet på saker sidan 2019, då vi fekk inn om lag like mange saker.
Det blei også behandla fleire saker samanlikna med året før. UNE behandla 5 743 saker, som er 4,3% fleire saker enn i 2022. Av desse var 4 790 klagesaker, mens 948 var oppmodingar om omgjering. Arbeid/opphald utgjorde den største gruppa av dei behandla sakene, og den nest største var asyl. Utvising var den tredje største gruppa.
Samtidig som at UNE både har fått og behandla fleire saker, så har saksbehandlingstida samla gått ned. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 154 dagar samla for alle saksgrupper i 2023, mot 168 dagar i 2021 og 166 dagar i 2022. Samanlikna med 2022 gjekk saksbehandlingstida ned for alle dei sju hovudsaksgruppene.
– Vi har sett ei positiv utvikling i saksbehandlingstida i klagesaker. Vi har fått den ned gjennom eit godt arbeid med korrekte vedtak, fortel Jakobsen.
Saksbehandlingstida for saker behandla i nemndmøte har på andre sida gått opp. I 2023 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida på 325 dagar, mot 302 dagar i 2022.
Stor saksbehaldning og internasjonale hendingar kan påverka saksbehandlingstida framover
Det store talet innkomne saker i 2023 har resultert i ei stor behaldning av ubehandla saker. Auken i behaldninga vil medverke til at saksbehandlingstida truleg aukar i 2024.
– Talet på saker blei mykje høgare enn det gjeldande prognosar tilsa ved inngangen til 2023. Vi hadde ein ambisjon om å redusere talet på saker som har vore i UNE i over eitt år, men det har vi ikkje lukkast med. UNE har likevel klart å halde talet på desse sakene relativt stabilt i ein situasjon der totalbehaldninga har vore aukande, seier ho vidare.
Utlendingsfeltet er også prega av internasjonale hendingar som påverkar tilstrøyminga til Noreg. Det kan ha noko å seie for saksbehandlinga framover i 2024.
– Det er særleg Ukraina og situasjonen på Gaza som er dei store drivarane, og stor tilstrøyming frå andre område i Europa kan også påverke oss i stor grad.
På grunn av endringar og svingingar i verden meiner ho det er vesentleg at UNE lukkast med å vere fleksible.
– Vi må styrkje endringskapasiteten ytterlegare. Eg trur at god saksflyt og fleksibilitet i kjeda, og internt i UNE, blir viktig for å halde den samla saksbehandlingstida så kort som mogleg i året som kjem.