Kart over Afghanistan

Foto: Adobe Stock

Sommaren 2021 overtok Taliban makta i Afghanistan. Kva har den nye situasjonen i landet hatt å seie for afghanske borgarar med saker i UNE?

Det er først og fremst friske, arbeidsføre menn som ikkje treng beskyttelse som blir vurdert for retur til landet. Det står i ei ny praksisbeskriving om beskyttelsesspørsmål i Afghanistan-saker.

Heile praksisbeskrivinga finn du på une.no: Beskyttelsesspørsmål i Afghanistan-saker - Utlendingsnemnda (UNE)

Dette er hovudlinjene i praksis no

Hovudlinjene i praksis etter at Taliban overtok makta blir skildra slik i beskrivinga:

  • Sjølv om den generelle tryggingssituasjonen i Afghanistan har forbetra seg vesentleg etter sommaren 2021, er den menneskerettslige situasjonen tydeleg forverra etter at republikken falt. Ulike former for opposisjon mot Taliban og brot med deira lære kan utløyse behov for beskyttelse.

  • Afghanske kvinner blir i utgangspunktet rekna å vere forfølgde på grunn av kjønnet sitt, og blir innvilga beskyttelse etter ei konkret vurdering. 

  • Sårbare grupper kan fylle krava for opphald på humanitært grunnlag som følge av den svært alvorlege humanitære situasjonen i landet. Kvar sak blir vurdert konkret.

Praksisen til UNE samsvarer i stor grad med korleis UDI skildrar eigen praksis.

Bakgrunn

UNE stansa saksbehandlinga sommaren 2021 fordi det var stor usikkerheit om den vidare politiske, tryggingsmessige menneskerettslege og humanitære utviklinga i landet. UNE tok opp igjen saksbehandlinga av Afghanistan-sakene tidleg våren 2022.

Behandla om lag 100 beskyttelsessaker

UNE har behandla om lag 100 beskyttelsessaker frå afghanske borgarar etter sidan våren 2022. I tillegg kjem saker som handlar om tilbakekaling og utvising. 

I om lag 40 av beskyttelsessakene har UNE gjort om avgjerda og gitt eit opphaldsløyve. Halvparten av desse er kvinner eller jenter. Resten er menn som treng beskyttelse, eller saker hvor ein nemndleder eller ei nemnd har konkludert med at personen vil vere for sårbar til å klare seg ved ein retur. 

Ein av fleire tekstar som skildrar praksis

Praksisbeskrivinga er først og fremst skriven for saksbehandlarar, nemndleiarar og nemndmedlemmar for å gi ein introduksjon til praksis.  

Praksisbeskrivinger er ein av fleire tekstar på nettstaden til UNE som skildrar praksis. Du finn alle tekstane på området «kildesamling» på une.no.

Andre relevante lenkjer