rettssaksåret-2022_1500

UNE fekk 32 rettskraftige dommer i 2024. I 28 av dommane fekk UNE medhald.

Medhaldsprosenten gjekk vesentleg opp i 2024 samanlikna med tilsvarande tal dei siste åra. Den var på 87,5 prosent i rettskraftige avgjerder.

– Både talet på dommar og medhaldsprosenten vil kunne variere fra år til år. Historisk sett har medhaldsprosenten lege på mellom 70 - 80 prosent, seier avdelingsdirektør Ketil Larsen.

­ – Dommar gir viktig læring

Det å kunne ta saka si til domstolane er ein del av rettsvernet, men domstolskontrollen er også viktig av ein annan grunn, forklarar Larsen:
– Dommar, både medhald og tap, kan gi oss rettslige avklaringar som er viktige for andre tilsvarande saker. I tillegg gir dommar oss viktig læring, seier Larsen.

32 rettskraftige dommar

I 2024 fekk UNE 32 rettskraftige dommar, i 2023 var talet 35. Det er historisk lågt. I perioden 2018 - 2022 har talet lege på mellom 50 til 100 dommar.

– 32 rettskraftige dommar er eit lågt tal også teke i betraktning at UNE totalt behandla over 6700 forvaltningssaker i 2024, seier Larsen.

Statistikk rettskraftige dommar

  Dommar UNE medhold
Tingretten 17 15
Lagmannsretten 14 12
Høgsterett 1 1

Fleire rettssaker handlar om identitet

Asylsaker frå iranske statsborgarar og saker om tilbakekall av oppholdstillatelse eller statsborgerskap var dei største rettssaksporteføljane.

Her finn du meir informasjon om asylsaker frå Iran og tilbakekallsaker.

Mange rettssaker gjaldt identitetsrelaterte spørsmål.
– Det er ein trend dei siste åra, fortel Larsen. – ID-spørsmål gjer seg gjeldande i mange ulike sakstypar, frå saker om asyl og familieinnvandring til saker om tilbakekall og reisedokument.

For meir informasjon om kva for ID-relaterte problemstillingar UNE ser i klagesaker, kan du lese denne praksisskildringa.

Ein sak i Høgsterett

Ein sak var oppe i Høgsterett i 2024. Høgsterettdommen frå desember gjaldt ein asylsak der spørsmålet var om ein kristen konvertitt frå Iran trong beskyttelse. Høgsterett kom til at avgjerda til UNE om ikkje å innvilge flyktningstatus, var gyldig.