Instruks JD

No kan forvaltinga sende ut førehandsvarsel om utvising samtidig som det fattast vedtak med utreisefrist.

Justis- og beredskapsdepartementet har i eit rundskriv instruert UDI og UNE om at utlendingsforskrifta § 14-5 femte ledd (lovdata.no) kan takast i bruk. Det er ei føresegn som handlar om høvet forvaltinga har til å førehandsvarsle personar om at dei kan bli utviste dersom dei ikkje overheld utreisefristen i eit vedtak dei har fått.

Du kan lese heile rundskrivet frå departementet på regjeringen.no.

Sjå også nyheitsmelding på regjeringen.no om betre saksflyt.

Forvaltinga har allereie høve til å førehandsvarsle om utvising, men det nye frå 1. april er at varselet kan sendast ut samtidig med vedtaket med utreisefrist.

Departementet presiserer i rundskrivet at det må komme tydeleg fram i førehandsvarselet kvifor utvisning kan bli aktuelt:

«Det understrekes at forhåndsvarselet må gjøre utlendingen i stand til å «vareta sitt tarv», jf. forvaltningsloven § 16 annet ledd første punktum. Det må derfor gå klart frem av forhåndsvarselet hvilke forhold en utvisning vil bygge på, og at utlendingen har anledning til å uttale seg om disse helt frem til det treffes vedtak i utvisningssaken. Videre kan det være nødvendig å forhåndsvarsle på nytt dersom utlendingen oversitter utreisefristen uten at det treffes vedtak i saken i tidsrommet like etter dette.»

Førehandsvarsel gir ikkje fri rettshjelp

Endringsforskrift til stykkprisforskriften (lovdata.no) heng saman med instruksen, og trødde i kraft 1. april. Den opphavlege stykkprisforskrifta fekk desse tillegga:

«Når forhåndsvarsel om utvisning gis samtidig med vedtak som fastsetter en utreisefrist, jf. utlendingsforskriften § 14-5 femte ledd, gis det ikke fritt rettsråd».

Og:

«Ved klage over vedtak om utvisning i saker der forhåndsvarsel om utvisning ble gitt samtidig med vedtak som fastsetter en utreisefrist, jf. utlendingsforskriften § 14-5 femte ledd, gis det 4 ganger salærsatsen».

Å motta eit førehandsvarsel om utvising samtidig med eit vedtak med utreisefrist gir altså ikkje rett til fri rettshjelp. Men dersom Utlendingsdirektoratet fattar eit utvisingsvedtak, vil den som klagar på vedtaket ha rett til fri rettshjelp (fritt rettsråd) utan behovprøving.